UTEGUDSTENESTE OG PILEGRIMSFERD

 

 

 

Gudstenesta på den gamle kyrkjestaden på Herøy har vore ein del av programmet til Herøyspelet sidan 1992. På søndagen kl. 11 kan du vere med når folk frå fleire kyrkjelydar samlast på Herøyberget, på same staden som det har vore feira gudsteneste i snart tusen år. Herøyspel-koret bidreg på gudstenesta i lag med musikarar.

 

Alteret har den same store steinen som var alter i marmorkyrkja som sto på staden frå 1100-talet og kanskje før. I steinen er det ei fordjuping der relikviane i kyrkja låg.

 

Herøy er ein nøkkelstad og utvald stoppestad i kystpilegrimsleia, og før gudstenesta kan du vere med på morgonbøn i Indre Herøy kyrkje kl. 09.00, før fylgjet dreg på pilegrimsferd med Sunnmørsjekta «Anna Olava» frå Stokksund til gudstenesta på Herøy gard.

BILLETTAR

Du kan kjøpe billettar på ebillett eller på Fosnavåg konserthus si side.

Du kan også kjøpe billett på Herøy gard ved spelplassen før forestillingane. Betaling med Vipps, kort eller kontantar.

PRISAR
inkludert båt- eller buss:

  • Barn under 7 år: Gratis
  • Barn 7-16 år: 200 kroner
  • Vaksne: 430 kroner

Med Herøyspel-pass kan du sjå spelet så mange gongar du vil i spel-helga.

  • Herøyspel-pass barn: 400 kroner.
  • Herøyspel-pass vaksne: 600 kroner.

Grupper på ti personar eller meir kan ta kontakt med styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305

PROGRAM 2024

LAURDAG 

10.30 Oppstart skyss med båt og buss.
11.00 Herøy gard opnar med matsal og vikingleir med aktivitetar. Både matsal og vikingleir er ope heile dagen.
13.30 Premiere, første forestilling av “Kongens Ring”
17.00 Andre forestilling av “Kongens Ring”

Båt og buss går kontinuerleg heile dagen og litt ut på kvelden. 

 

SØNDAG 

0930 Morgonsong i Indre Herøy kyrkje. Pilegrimsferd til fots eller med roande i færing til Herøy.
10.00 Oppstart buss- og båtskyss.
11.00 Utegudsteneste på den snart tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy.
12.00 Matsal og vikingleir opnar for dagen.
13.30 Søndagens første forestilling av “Kongens Ring”
13.30 Kulturhistorisk vandring gjennom over tusen år med historie på øya Herøy
17:00 Årets siste forestilling av “Kongens Ring”

Båt og buss går kontinuerleg heile dagen.

 

VIKINGLEIR

HAGEFEST

UTEGUDSTENESTE OG PILEGRIMSFERD

KULTURVANDRING