VIKINGLEIR
Prøv ut vikingane sine leikar og aktivitetar. Har du lyst til å leikesloss med sverd og skjold? Prøve pil og boge eller kanskje teste ut balansen på kampstokk? Både før og etter forestillingane av «Kongens Ring» kan du prøve ut vikingaktivitetar saman med familien.
Her kan du lage din eigen skinnpung, spele med det store bondesjakket eller prøve deg på knytekunsten. Eller kanskje du vil prøve deg på å gå med stylter eller klippe Herøyspelet sine eigne dokkelisefigurar med hovudrollene i spelet?
BILLETTAR
Du kan kjøpe billettar på ebillett eller på Fosnavåg konserthus si side.
Du kan også kjøpe billett på Herøy gard ved spelplassen før forestillingane. Betaling med Vipps, kort eller kontantar.
PRISAR
inkludert båt- eller buss:
- Barn under 7 år: Gratis
- Barn 7-16 år: 200 kroner
- Vaksne: 430 kroner
Med Herøyspel-pass kan du sjå spelet så mange gongar du vil i spel-helga.
- Herøyspel-pass barn: 400 kroner.
- Herøyspel-pass vaksne: 600 kroner.
Grupper på ti personar eller meir kan ta kontakt med styreleiar Linn Therese Sævik på tlf 979 83 305
PROGRAM 2024
LAURDAG
10.30 Oppstart skyss med båt og buss.
11.00 Herøy gard opnar med matsal og vikingleir med aktivitetar. Både matsal og vikingleir er ope heile dagen.
13.30 Premiere, første forestilling av “Kongens Ring”
17.00 Andre forestilling av “Kongens Ring”
Båt og buss går kontinuerleg heile dagen og litt ut på kvelden.
SØNDAG
0930 Morgonsong i Indre Herøy kyrkje. Pilegrimsferd til fots eller med roande i færing til Herøy.
10.00 Oppstart buss- og båtskyss.
11.00 Utegudsteneste på den snart tusen år gamle kyrkjetomta på Herøy.
12.00 Matsal og vikingleir opnar for dagen.
13.30 Søndagens første forestilling av “Kongens Ring”
13.30 Kulturhistorisk vandring gjennom over tusen år med historie på øya Herøy
17:00 Årets siste forestilling av “Kongens Ring”
Båt og buss går kontinuerleg heile dagen.